Forever My Girl - Filmdagbok

Forever My Girl 2018

Ein countryartist forlet sin trulova på bryllaupsdagen deira, og kjem først tilbake til småbyen åtte år seinare.

Forever My Girl er eit romantisk drama som ikkje ligg så langt unna den typiske Nicholas Sparks-filmatiseringa i å ha ei god historie. I tillegg så er også samansetjinga av skodespelarar og andre produksjonsrelaterte kvaliteter også god.

Det gjer at alt ligg til rette for filmen til å kunne gjere som han tydelegvis meiner, å det er fremjing av kjenslereaksjonar hjå sjåaren. Forever My Girl rører, gledar, engasjerer og underheld.

Det er ikkje ein film heilt utan svakheiter, og det religiøse som innimellom pregar han litt for sterkt kunne fint ha blitt utelate. Men i det store og heile blir det mindre viktig når nerven rundt dei mellommenneskelege forholda er så spent.