Hopp til hovedinnhold
Plakat for Forty Guns (1957)

Forty Guns

Film
3

Forty Guns er ein amerikansk western frå 1957 med Barbara Stanwyck og Barry Sullivan i sentrale rollar.

Barrys karakter kjem til ein liten by med to brør. Han skal fange ein fyr som har drive med brevsvindel. Karen som er skuldig for dette er ein av dei førti pistolmennene til Barbara, eller Jess som ho går under her.

Så skjer de at bror til Jess skyt den lokale og svaksynte marshallen i foten, noko som er å gå for langt tykker Barry. Så han tek tak i dette.

Litt prega av manglande underteksting og eit utrent øyre for å få med meg alt frå det engelskspråklege lydsporet, så missa eg eit par vesentlege detaljar tidleg i filmen. Og det tok litt ekstra tid før eg kom god inn i handlinga.

Utgåva av filmen eg såg var diverre også oppskalert med ein metode som gjorde at fleire ansikt enten så oversminka eller litt skrudde ut. Så eg blei tatt litt ut av det heile her og der.

Trass i nokre utfordringar så er Forty Guns ein god western. Ikke blant dei beste, og ikkje ei anbefaling, men kurant tidsbruk.

Det er mykje å ta inn på kort tid, meiner skribenten på Just Hit Play (tobrien10.blogspot.com). Omtalen rosar dei lange kamerakøyringane og Barbara Stanwyck sin sterke karakter, men synest fleire forhold og sidehistorier blir for hastig behandla. Eg sleit òg med å kome inn i handlinga, av andre grunnar. Det er interessant at den knappe speletida kan kjennast tettpakka sjølv når me får med seg alt.