Foul Play - Filmdagbok

Foul Play 1978

Hadde eg blogga like hyppig i dag som eg gjorde for nokon år sidan, hadde det kome fram at Chevy Chase-filmar er ein gjengangar for tida. Årsaka er Community, collegekomedien til NBC om ei gruppe ulikt kulturelt betinga studentar i alle aldrar som har hamna i same lesegruppe på eit offentleg college. Chevy Chase spelar pensjonisten og den minst likte i gruppa. Kall han den interne skurken.

I Foul Play møter me ein ung Chevy Chase, fersk i frå Saturday Night Live er dette debuten hans i spelefilmen. Heltinna Gloria Mundy i filmen er Goldie Hawn og sjangeren er krimkomedie. Chevy Chase spelar politietterforskaren Tony Carlson som blir innblanda i livet til Gloria, etter at ho ufrivillig har blitt blanda inn i ei mindre kjekk sak, litt drap og konspirasjonar og sånt.

Humoren er noko tona ned. Foul Play er morosam utan å prøve for hardt. Chevy Chase er med å bidra til at dette kjennest gjennomført, med sine nonchalante og tilbakehaldne veremåte og lune komedie. Det same er Goldie Hawn, som i tillegg til sitt søte ytre, hjelpelause situasjon og uoppmerksame seg er ei kvikk, morosam og fullkomen kvinne.

Handlinga er ikkje spesielt spennande, og er i lag med lengda på 20 minuttar for mykje, den svake sida til filmen. Men det er over gjennomsnittleg godt gjennomført og underhaldningsverdien er der han skal vere, som er å vere til stades.

Foul Play er ein film eg først og fremst vil hugse på grunn av kjemien og rollene til Goldie Hawn og Chevy Chase. Alt det andre vil eg og er eg allereie i ferd med å gløyme.