Hopp til hovedinnhold
Plakat for Four Weddings and a Funeral (1994)

Four Weddings and a Funeral

Film
4

Eg må seie at etter å sett Love Actually, så har eg endra syn på Hugh Grant som skodespelar, og tykker han er blitt morosamt i staden for ein eindimensjonal kjekkas.

Denne romantiske komedien er ikkje meir enn heilt grei, men Hugh Grant er framleis artig. Historia er ikkje spesielt spennande, men følger i det minste det eg vil påstå er ein typisk britisk stil. Han har eit fåtal gode vitsar og poeng, men historia er totalt føreseieleg og tek vekk gleda eg kunne ha hatt av å sjå filmen.

Mark Barry på Sounds Good, Looks Good… (markattheflicks.blogspot.com) finn meir å glede seg over enn eg gjer. Han framhevar dei vittige replikkane, Rowan Atkinson som prest og korleis gravferda gir rom for ekte sorg mellom latterane. Det er ei påminning om at filmen har fleire tonar enn den føreseielege kjærleikshistoria. Eg får likevel ikkje nok ut av dei gode innslaga til at heilskapen løftar seg stort over det heilt greie.

Viss det var opp til meg, så ville ikkje dette ha vore den første langfilmen eg sette meg ned med i år, men så er det slik at det ikkje er opp til meg å bestemme kva som går på tv når eg ikkje har betre ting å finne på.