Mi erfaring med mange av filmane som blir nominert til fleire Oscar-kategoriar gjerne oppfyller visse krav. Krav som gjer at det sjeldan blir ei spesiell filmoppleving, men heller ei forventa. Det går an å spøke med at nominasjonar gjerne går til dystre filmar der kjente skodespelarar gjer noko ulikt frå det dei pleier. Eller kler seg ut, eller har ein defekt.
Opplagte eksempel forutan Steve Carell som har tatt på seg ei stor nase i Foxcatcher er ein avdanka Mickey Rourke i The Wrestler, eller Brad Pitt som knøtt i den raskt gløymte The Curious Case of Benjamin Button.
Det betyr jo gjerne at nominerte filmar er gode produksjonar, og av dette kjem det ein del gode filmar. Men det er sjeldan eg lar meg trekke mot desse likevel, det er ikkje spennande nok.
Alt dette snakket kjem på bakgrunn av inntrykket eg sat med under Foxcatcher. Ein dyster film, der karakterane stadig grev seg djupare ned i ei grøft, billedleg sagt. Eg har heller ikkje særleg sansen for dette, men set pris på filmar som feirar mennesket. Ergo slo ikkje Foxcatcher an, sjølv om filmen leverer greit, og innimellom har nokon flotte scener, så er totalen knapt over middels.