Etter å høyrt rykte om at denne filmen er blant dei betre av nyare filmar innan kategorien, sat eg meg ned i god tru om at denne skulle vere både underhaldande, og helst litt ekkel. Og det klarte han. Eg fekk ingen inntrykk om at han serverte det same driten som eg er van med frå eksempelvis Boogeyman og nyinnspelinga The Fog. Han minte meg derimot om asiatiske grøssarar i stemninga, ettersom han var meir gjennomtrengjande enn det å spele utelukkande på skvetting.
Bortsett frå dette har eg på dette tidspunktet ingen fleire meiningar om filmen, anna enn at eg kom ut av det med ei positiv kjensle. Calista Flockhart leverte ei god rolletolking som innimellom overraska meg, som i ei scene der ho konfronterer Robert (Richard Roxburgh) og blir veldig anstrengt. No må det nemnast at eg aldri har sett ein heil episode Ally McBeal, likevel om eg har sett eit par halve den gongen det gjekk på TV 2, så eg har ikkje eit klart bilde av Calista Flockhart som distre advokat eller kva ho no spelte.