I ein småby i USA er ein far og to søner på jakt etter demonar forkledd som menneske, som skal slakast på ordre frå Gud. Bill Paxton står bak både regi og øks, og passar ganske godt inn i rolla som overbevist kristen i mine auge. Han er den typiske rolege fyren, som aldri verka som han er psyko, noko som passar godt inn her.
Matthew McConaughey er eit kapittel for seg sjølv. Eg såg aldri Sahara på grunn av han og eg mislikte Two for the Money på grunn av han. Her er han overraskande nok ikkje så irriterande, men heller ikkje den eplekjekke personen han ofte pleier å vere.
Det er ikkje så mykje direkte grafisk vald her. Litt blodsprut er det, men resten blir me skåna for. I grunn passa det ganske bra, for ideen er fæl nok i seg sjølv. Nokon vil nok bli skuffa, filmen er mykje drama, forteljing og ikkje berre bestialske drap. Det er ingen ting å bite negler for, eller hoppe i stolen for. Det er rett og slett ei påtrengande historie som først og fremst går til å tykkje synd i folk på.