Hopp til hovedinnhold
Plakat for Frankenstein (2025)

Frankenstein

Film
3

Guillermo del Toro kan det å lage film. Ofte bra, men ikkje alltid. Frankemstein er sånn passe god, litt over midt på treet.

Det er ein film som kan vere både storslått og tett på. Han er god på karakterbygging, som for meg er det viktigaste her. Eg set òg pris på ein enkel sak som utendørsscenene ved skipet som sit fast i isen, i byrjinga av filmen. Det får meg til å tenke på eit avgrensa filmsett. Ei greie eg har ein ting for heller enn storslått dataanimasjon.

Eg blir ikkje rørt av historia, trass i gode karakterar. Det har noko med at eg i blant lurer litt på kvifor me treng ein film som skal forklare så mykje om Frankenstein og monsteret.

Det storslåtte uttrykket kan òg kome i vegen for nærleiken. Dan Cachia på Mr. Movie’s Film Blog (mrmoviefilmblog.com) rosar både bileta og skodespelarane, men meiner at omfanget stundom svekker den emosjonelle samanhengen. Han blir meir rørt enn eg, men denne innvendinga er lett å kjenne att. Gode karakterar og flotte kulissar er ikkje alltid nok til at historia kjem tett på.