Hopp til hovedinnhold
Plakat for Frankenthumb (2002)

Frankenthumb

Film
2

David Bourla og Steve Oedekerk har laga ein snodig sak med Frankenthumb. Det er ei animert utgåve av Frankenstein, men med tommeltottar.

Det er ein morosam ide, men det er ikkje nok til å halde ein heil halvtime interessant. Frankenstein er ei historie som kan endre noko og bli fortalt med humoristisk vri, det har Young Frankenstein vist, men den originale historia må eg si eg likar best fortalt på seriøst vis.

Dette er mest av alt ein raritet, som dei andre thumb-filmane, og må nok bli tatt noko uhøgtideleg.

Tommeltottane held betre på interessa til Jesper Rosenberg Antonsen på Cinemaonline.dk (cinemaonline.dk). Han rosar detaljarbeidet og effektane, og meiner det vanvittige påfunnet blir til ein sjåverdig liten film. Eg ser også at det er gjort noko ut av ideen, men moroa varer ikkje like lenge for meg. Den tekniske oppfinnsemda kan halde rariteten i live utan at humoren dermed held heile speletida.