David Bourla og Steve Oedekerk har laga ein snodig sak med Frankenthumb. Det er ei animert utgåve av Frankenstein, men med tommeltottar.
Det er ein morosam ide, men det er ikkje nok til å halde ein heil halvtime interessant. Frankenstein er ei historie som kan endre noko og bli fortalt med humoristisk vri, det har Young Frankenstein vist, men den originale historia må eg si eg likar best fortalt på seriøst vis.
Dette er mest av alt ein raritet, som dei andre thumb-filmane, og må nok bli tatt noko uhøgtideleg.