
Freaky Friday
I komedien Freaky Friday byter mor og dotter, spelt av Barbara Harris og Jodie Foster, kropp.
Eg er glad i sånne komediar. Spesielt når karakterane utfordrar motparten mens dei er i den andres kropp. Freaky Friday handlar meir om å møte dei daglege utfordringane til motparten enn noko anna. Men så har filmen ein del artige og dryge scener med utspring i karakterane si avslappa haldning til det som har skjedd.
Det største plusset var nok likevel Barbara Harris. Dama er fantastisk i rolla som ein 13-åring i kroppen til ein vaksen, og hevar filmen fleire hakk. Resten av filmen er heilt grei.
Peter Hanson på Every 70s Movie (every70smovie.blogspot.com) finn også sjarm i skodespelet til Barbara Harris og Jodie Foster, men meiner dei store visuelle påfunna etter kvart overdøyver skodespelarane. Han får langt mindre ut av komedien enn eg gjer. Eg likar fleire av dei dryge situasjonane, men det er framleis Barbara Harris som gir filmen det viktigaste løftet. Kroppsbytet blir morosamt fordi ho får den unge jenta til å leve inne i den vaksne kroppen.
