I komedien Freaky Friday byter mor og dotter, spelt av Barbara Harris og Jodie Foster, kropp.
Eg er glad i sånne komediar. Spesielt når karakterane utfordrar motparten mens dei er i den andres kropp. Freaky Friday handlar meir om å møte dei daglege utfordringane til motparten enn noko anna. Men så har filmen ein del artige og dryge scener med utspring i karakterane si avslappa haldning til det som har skjedd.
Det største plusset var nok likevel Barbara Harris. Dama er fantastisk i rolla som ein 13-åring i kroppen til ein vaksen, og hevar filmen fleire hakk. Resten av filmen er heilt grei.