
Freaky Friday
Freaky Friday frå 2018 er ein musikalsk versjon av ei bok som har blitt filmatisert av Disney to gonger før. Dette er den svakaste filmadapasjonen av dei tre, men likevel ein film som har ein viss underhaldingsverdi. I lys av begge dei to andre versjonane er filmen for overflatisk for meg. Det var som forventa, eg såg filmen mest av interesse for kor annleis dette kunne bli samanlikna med tidlegare filmar.
Graydon Webb på Ground Punch (groundpunch.com) finn meir å like i denne versjonen enn eg gjer. Han rosar Heidi Blickenstaff og dei musikalske scenene, men meiner den andre delen mistar framdrift når songane får mindre plass. Det er eit interessant tillegg til samanlikninga med dei eldre filmane. Musikalen har eigne styrkar, sjølv om heilskapen for meg blir for overflatisk.
