
Fred Claus
Fred Claus med Vince Vaughn er ein julefilm som kom året før Four Christmases. Vince Vaughn lykkast like lite med begge filmane, og det beste Fred Claus har for seg er at filmen potensielt kunne ha vore god, dersom han handla om noko heilt anna enn jul. Og dersom han hadde hatt eit par bein planta i bakken.
For elles er dette både ein langdryg og fordummande film, utan ein spesielt fornuftig bodskap. Det einaste som gjer filmen nemneverdig er A-liste-skodespelarar. Eventuelt gjer det filmen nemneverdig verre, ettersom dei alle har eit dårleg manus i ryggen og dummar seg ut.
At Fred Claus enda opp som ein dårleg film var aldri ei overrasking. I jakta på julefilmar så tvingar det seg opp og fram ein dårleg film ofte nok. Alternativa er eit ukjent tal på A Christmas Carol-filmatiseringar.
Fred Claus er filmen du styrer unna.