Freddy vs. Jason - Filmdagbok

Freddy vs. Jason 2003

Eit unødvendig åttande etterslep i rekka av A Nightmare on Elm Street-filmar, der Freddy får hjelp og motstand frå Friday the 13th-karakteren Jason. Freddy vs. Jason er inkje meir enn ein rett fram slasher-film utan djupare motivasjon innan karakterutvikling eller historie enn å få handlinga til å gå framover.

Reine slasher-filmar er ikkje mi greie. Eg føretrekk grøssar framfor gørr. Freddy vs. Jason er ikkje i nærleiken av å vere skummel og klarar berre få meg til å hoppe i stolen litt, noko ein komedie lett kan få til viss ein person brått hoppar inn i bildet.

Regissør Ronny Yu har eg blanda forhold til, Fearless med Jet Li var storarta, men her har han bidratt til lite meir enn å få filmen til å sjå bra ut. Det tekniske som lyd og bilde held høg standard. Greie skodespelarar har blitt bra nok utnytta. Men historia heng ikkje på greip.

Det største problemet eg har med denne er oppbygginga, her er det rett på sak frå starten av, noko som fører til at eg blir fort lei og spesielt kampane mellom Freddy og Jason er meiningslause når eg veit fem sekundar ut i kvar kamp at det aldri vil føre til anna enn tapping av lommeboka til produsentane.

Så korleis forsvare karakteren? Freddy er verkeleg vond. Jason har eg ingen forhold til frå tidlegare filmar, og framstår ikkje som anna enn ein rørande bautastein. Her er nokon skodespelarar eg ikkje nødvendigvis tykkjer at er dei beste, men likevel har eit forhold til gjennom tv og anna film, og synst er artig nok å følge med. Filmen lid aldri under av å sjå billeg ut heller. Slikt på plussida, og det andre på minussida, Freddy vs. Jason er eigentleg helt midt på treet.