
Freeway
Freeway er ein grei film om Raudhette frå 1990-talet. Eg kjenner han igjen som noko som stadig går på TV 2, og som eg truleg har sett før. Det er ikkje eit vanleg eventyr, sjølv om grunnlaget er kjent.
Vanessa Lutz (Reese Witherspoon) drar for å finne bestemora si. På vegen møter ho Bob Wolverton (Kiefer Sutherland), som viser seg å vere ein farleg mann. Raudhette har her fått både eit vanskeleg liv og ein seriemordar å møte.
Kiefer Sutherland og Reese Witherspoon gir meg to kjende ansikt å følge. At historia tar utgangspunkt i eit eventyr, gjer også at me kan kjenne igjen ramma medan innhaldet er flytta til eit heilt anna miljø.
Shane Wilson på 366 Weird Movies (366weirdmovies.com) har glede av Reese Witherspoon og Kiefer Sutherland, men meiner filmen blir for oppteken av satiren og den gamle eventyrramma. Han saknar at filmen blir noko meir enn eit påfunn. Det er ei innvending eg kan forstå.
Den moderne Raudhette-varianten gir meg ein brukbar film, utan at eg får behov for å gjere han større enn det.
