
French Kiss
Ei kvinne spelt av Meg Ryan blir forlaten av sin kommande ektemann, då han på ei jobbreise til Frankrike blir forelska i ei anna kvinne.
Karakteren til Meg Ryan trassar flyskrekken sin, og krav om å bli verande i Canada inntil hennar søknad om statsborgarskap der er ferdig behandla, og reiser til Frankrike for å få mannen tilbake.
På flyet møter ho ein kriminell og brå type spelt av Kevin Kline, og resten er historie.
French Kiss er ein romantisk komedie som spelar på det at motsetningar tiltrekker kvarandre, og at handlinga til filmen er både ei geografisk reise og ei personleg reise for utvikling hjå protagonisten.
Det er ein fornøyeleg film, kor både Meg Ryan og Kevin Kline spelar godt i lag og mot andre. Det er ukomplisert, men ein passe rik film på inntrykk. Gangen er ikkje uventa, men gjer dette til ei trygg filmoppleving, som gjerne kan fungere for romantiske filmar.
J. Luis Rivera på W-Cinema (w-cinema.blogspot.com) meiner at skodespelarane og dei franske omgivnadene gir sjarm til ei svært velkjend historie. Han finn fleire svake punkt i manuset, men likar korleis Meg Ryan og Kevin Kline gjer personane meir menneskelege enn dei enkle typane først lovar. Det er mykje av det same eg set pris på. Den trygge retninga treng ikkje stå i vegen for godt samspel.
Filmen har tålt tida heilt greitt stort sett, men det kjennest litt datert her og der. Eg prøver å ikkje la meg påverka, men sit igjen med inntrykket av at delar kunne ha blitt gjort betre. Det er nok mest pirk.
