Hopp til hovedinnhold
Plakat for French Toast (2015)

French Toast

Film
2

Sør-Afrikansk romantisk komedie med dårleg produksjonskvalitet. Det er French Toast i eit nøtteskal.

Det handlar om ei ung kvinne som drar til Paris for å finne eit søsken som mora adopterte bort for over 30 år sidan. På jakta av eit søsken, møter ho kjærleiken.

Heime i Sør-Afrika styrer faren på med vingarden sin, og vil at ho skal komme heim igjen for å gifte seg med ein ung mann som hjelper faren med å drive vingarden.

Til å vere ein nyare film, så er bilde og lydkvaliteten i French Toast svært variabel. I blant verkar det som at filmen er spelt inn på mobiltelefon. Det er eit flatt bilde, utan godt lys eller fine fargar. Lyden er hol. Så glimtar filmen i blant til med fine bilder og god lyd.

Eg ønsker at ein romantisk komedie skal vere behageleg og fin. Når innpakninga blir dårleg så forsvinn magien i filmen fort. Det er også andre ting å sette fingeren på, som i ei oppbygging med samtalar og klypping som gjer det vanskeleg å henge med på samanhengen på detaljnivå. Det er vesentleg for filmen.

Problema med forma blir òg diskuterte av Neville Botha på The Citizen (citizen.co.za). Han meiner filmen manglar eit eige visuelt uttrykk, og at dårleg bygde scener og overforklarande dialog svekker historia. Han finn likevel romantikken meir hyggeleg enn eg gjorde. For meg blir desse svakheitene så synlege at sjølve kjensla ein slik film skal skape, forsvinn.

Det får bli nok om French Toast, som er ein film du kan styre unna.