Denne britiske science fiction-komedien var for meg ukjent før eg tilfeldigvis kom over han via ei strøymeteneste. Tidsreiser og andre små science fiction-filmar med interessante konsept som blir utforska er filmar eg kastar meg over.
Handlinga i Frequently Asked Questions About Time Travel startar på godt britisk vis på ein lokal pub. Tre venner streifar innom tidsreise som tema, derav to er interesserte, og tredjemann kunne brydd seg mindre om sånne nerdegreier. Når Ray (Chris O'Dowd) går for å kjøpe øl og møter ei kvinne som påstår at ho har reist tilbake i tid, er han sikker på at det er vennene hans som tullar med han. Men det som skjer vidare viser at tidsreiser ikkje er tull.
Filmen streifar innom mange idear om tidsreise, og tar seg tid til å både vise oss dette og få det diskutert blant dei sentrale karakterane. Alt med ein humoristisk vri på det alvoret som utfoldar seg.
Eg synst Frequently Asked Questions About Time Travel var ei fornøyeleg sak av ein kort film på beskjedne 80 minuttar. Eg stussa ei stund på om eg burde vere snillare med karaktergivinga, men konkluderte med at filmen kunne ha vore både meir om tidsreise og meir komedie. Sånn som filmen var, så var det deler av han eg tykte berre skrapa i overflata av noko interessant.
Å kalle Frequently Asked Questions About Time Travel svaret til tidsreisefilmen lik Shaun of the Dead er for zombiefilmen, men eit par hakk svakare, er ei forenkling som kan vere med på å illustrere kva dette er.