Kva kan du si om ein kortfilm som Fresh Guacamole? Han har ei svært enkel handling, om objekt som blir gjort om til guacamole. Alt frå terningar til handgranatar endar opp i ei blanding.
Herlegdomen varer i korte to minuttar, og minner til dels om filmane til Jan Svankmajer. Men bak denne står ein ukjent person med pseudonymet PES.