
Frida - med hjertet i hånden
Frida er 13 år. I løpet av sommarferien har ho oppdaga ei bok som heiter Om kjærligheten. Ho tar utgangspunkt i boka når ho vil betre kjærleikslivet til vennene sine, og si skilte mor. Det får stort sett katastrofale følger.
Frida er veldig opptatt av kjærleik. Ho forelskar seg sjølv stadig vekk. Dette følger vennen Kristian med på med ei oppgitt mine. Men det er ein gong slik at kjærleiken verkar på mystiske måtar.
Eg har sett Frida - med hjertet i hånden to gonger. Begge gongene har han vore sånn litt under midt på treet. Eg har ingen forhold til filmen frå barndomen av, men såg han første gong i 2010. Så det pregar nok opplevinga mi. Det er mest interessant for meg som eit tilbakeblikk til Noreg på tidleg 1990-tal. I tillegg er han litt morosam i blant.
Tilbakeblikket på 1990-talet er også noko Pål Frostad på Filmkikk (filmkikk.no) set pris på. For han kjem mykje av sjarmen frå gjenkjenninga av eiga barndom, men han rosar også Maria Kvalheim si uttrykksfulle framføring og den varsame karakterbygginga. Eg har ikkje den same nostalgiske inngangen. Difor blir tidsbildet og nokre morosame situasjonar meir interessante for meg enn filmen som heilskap.
Frida - med hjertet i hånden kom ut som den andre av tre Frida-filmar. Der først og tredje er kortare novellefilmar på 40 minuttar kvar. I kronologisk rekkefølge er derimot filmen sist.
