Hopp til hovedinnhold
Plakat for Friday Night Lights (2004)

Friday Night Lights

Film
3

Peter Berg og Josh Pate gjekk hen og filmatiserte ei bok av Buzz Bissinger frå 1990 om fotballaget til Permian High School frå Odessa, Texas. Ei sann historie om eit lag som trassar motgang og gir alt for å nå state championship, finalen mellom dei to beste laga i playoff.

Eg gjekk mest sannsynleg i feil retning når eg starta med serien for så å gå over til filmen, for det som er ein god film kjem likevel i skuggen av det forsterka dramaet og betre tida serien har på karakterbygging.

Styrken til filmen er at han ligg nærare den sanne historia. Enkeltpersonane blir skyvd bak til fordel for å bygge opp laget som den viktigaste karakteren. Laget er ikkje berre ein gjeng med fotballglade ungdommar, men blir skildra som eit heilt apparat, inkludert det vesle samfunnet av svært fotballinteresserte vaksne. Ungdommane blir pressa frå alle kantar, forventingane er urealistiske, at dei skal takle skule ved sidan av så seriøs fotball er absurd.

Ved sidan av er dette ei historie om eit lag som trassar motgang. Måten gangen er oppbygd på kjennest meir realistisk ut enn type Disney-film med ein tapargjeng som vinn finalen. Permian Panthers er heller ingen taparlag i utgangspunktet.

Presset rundt laget blir også viktig for Nick Rogers på Midwest Film Journal (midwestfilmjournal.com). Han meiner filmen balanserer spelet på bana med kjenslene utanfor, og at både samtalar og kampar får oss til å kjenne kor fort framtida kan snu. Det treff betre enn ein rein sigerhistorie. Eg saknar tida serien har med personane, men filmen får mykje ut av å samle forventingane frå både byen og spelarane i det same laget.