Friday Night Lights - Filmdagbok

Friday Night Lights 2004

Peter Berg og Josh Pate gjekk hen og filmatiserte ei bok av Buzz Bissinger frå 1990 om fotballaget til Permian High School frå Odessa, Texas. Ei sann historie om eit lag som trassar motgang og gir alt for å nå state championship – finalen mellom dei to beste laga i playoff.

Eg gjekk mest sannsynlıg i feil retning når eg starta med serien for så å gå over til filmen, for det som er ein god film kjem likevel i skuggen av det forsterka dramaet og betre tida serien har på karakterbygging.

Styrken til filmen er at han ligg nærare den sanne historia. Enkeltpersonane blir skyvd bak til fordel for å bygge opp laget som den viktigaste karakteren. Laget er ikkje berre ein gjeng med fotballglade ungdommar, men blir skildra som eit helt apparat, inkludert det vesle samfunnet av svært fotballinteresserte vaksne. Ungdommane blir pressa frå alle kantar, forventingane er urealistiske, at dei skal takle skule ved siden av så seriøs fotball er absurd.

Ved siden av er dette ei historie om eit lag som trassar motgang. Måten gangen er oppbygd på kjennes meir realistisk ut enn type Disney-film med ein tapargjeng som vinn finalen. Permian Panthers er heller ingen taparlag i utgangspunktet.