
Friday the 13th: A New Beginning
Denne litt snåle greia var det første vonbrotet, ikkje eit stort eit, men likevel eit vonbrot. For det første, her får det så vere at eg røper poenget, Jason er utelate frå filmen.
Det heile går føre seg på eit ungdomsanstalt utan ei guffen Crystal Lake-stemning. Interessant er det å sjå ein rollefigur frå Friday the 13th: The Final Chapter bli spelt av ein ny skodespelar, som får lov til å spele gjennom heile filmen og ikkje berre vere senter for opningssekvensen.
Overkommeleg film, ingenting å skrive heim til mor om.
Tommy er det mest interessante innslaget for Pete Kirkpatrick på Pete Kirkpatrick’s Reviews (petekirkpatrickreviews.wordpress.com) òg. Han rosar John Shepherd og meiner koplinga til opplevingane hans gir desse scenene noko personleg, medan dei fleste andre berre blir anonyme offer. Resten av filmen får langt hardare medfart enn eg gir han. Eg finn heller ikkje mykje å skrive heim om, men synest framleis dette er eit overkommeleg vonbrot.
