Hopp til hovedinnhold
Plakat for Fried Green Tomatoes (1991)

Fried Green Tomatoes

Film
3

Handlinga i filmen Fried Green Tomatoes kretsar kring venskapen mellom to unge kvinner, Idgie Threadgoode og Ruth Jamison, tidleg på 1900-talet i Alabama. Gjennom ein serie tilbakeblikk får me fortalt historia deira av 80-årige Ninny Threadgoode. Som fortel til ei middelaldrande kvinne ved namn Evelyn Couch. Handlinga om Idgie og Ruth er at dei driv ein kafé saman etter at Idgie hjelper Ruth å flykte frå eit vanskeleg ekteskap.

Filmen er god på å framstille sørstatmiljø på 1920-talet. Han skapar ei rik atmosfære. Filmen vekslar mellom fortida, der det utviklar seg eit venskap mellom Ruth og Idgie, og notida der Evelyn får inspirasjon til å forbetre sitt eige liv gjennom Ninny sine forteljingar.

Eg tykker filmen får til ein god balanse av humor og alvor. Forteljingane om Idgie og Ruth er dei mest interssante, og eg skulle gjerne hatt meir av dei. Medan den parallelle historia om Evelyn og Ninny er fin nok, men ikkje gir meg så mykje.

Andre finn meir å hente i den delen eg blei minst oppteken av. På Pitchers (pitchers2017.wordpress.com) blir Evelyn si historie framheva som den mest interessante, med særleg ros til Kathy Bates si oppriktige og energiske framstilling. Det er ei anna vekting enn mi. Eg føretrekker framleis Idgie og Ruth, men ser korleis Evelyn si gradvise frigjering kan bli det som bind dei eldre forteljingane til noko meir attkjenneleg.