Friends: The Reunion - Filmdagbok

Friends: The Reunion 2021

Friends: The Reunion er eit påkosta gjensyn med skodespelarane frå Friends, omtrent tjue år etter serien gav seg. 20 millionar amerikanske dollar skal denne HBO Max-spesialen ha kosta. Det er eit både godt og artig gjensyn, som trass i koronarestriksjonar har ein fin produksjonsverdi. Eg sit ikkje igjen med noko nytt, men tykkjer det er greit med eit gjensyn mange år etter eg sjølv såg serien. Det fungerer som ein rask og morosam påminnar til kva Friends er.