Fritt vilt

Fritt vilt

Fritt vilt er ein norsk grøssar. Med tanke på sjangeren så tykkjer eg at det er ein passe god film, men på eit meir generelt vurderingsgrunnlag scorar den ikkje meir enn gjennomsnittleg av meg.

Som norsk film er denne god. Spøkane slår greit nok an, skodespelarane er dårlege utan at det gjer særleg. Bildekvaliteten irriterte ved at det var uskarpt enkelte stader, om det var feil i kinoen eller filmen er eg usikker på, men det vart lagt merke til.

Filmen er ikkje skummel, men har endå ei scene som fekk meg til å skvette, og ein sekvens kor spenningskurva går noko opp som fekk meg opp på tå.

Eg la merke til ein del logiske feil som eg ikkje kan sjå forbi. Nokon blei rett nok forklart, men det er ikkje godt nok. Det var aldri poeng som eg lurte spesielt på, men heller tolka som typisk dårleg logikk, og gjorde at heilskapsinntrykket sokk eit par hakk.

Sant skal seiast, eg likar ideen bak filmen, eg likar miljøet, og kjem nok til å følge med på Roar Uthaug vidare.

Fritt vilt (2006) – Filmdagbok