Den norske filmen Fuck Up er laga av Øystein Karlsen, som også var blant skaparane av serien Dag. Dette blir merka på skodespelarvalet, som også her inneheld Tuva Novotny, Anders Baasmo Christiansen og Atle Antonsen.
Eg har likt serien Dag godt, og Fuck Up stod på lista mi over filmar eg venta på i 2012.
Grunnen til at eg byggjer opp med ei sånn innleiing er fordi eg blei svært skuffa over Fuck Up. Fuck Up er ikkje ein fullstendig fucked up film, men han er fuck.
Fuck Up er eit forsøk på ein krimkomedie i hurtig tempo, som også inneheld nokon thrillerelement. Då blir det eit problem når filmen verken er spesielt morosam eller spennande.
Kanskje tar Fuck Up seg sjølv for seriøst? Du kan gi et nikk til Øystein Karlsen for å prøve å skape noko nytt med den same gjengen som var med i Dag, men det må meir til, elles endar eg opp med å sjå kva som blei gjort betre i Dag når noko ikkje fungerer i Fuck Up.