Ein av dei beste krigsfilmane som nokon sinne er laga er Full Metal Jacket av Stanley Kubrick. Det er ei humoristisk, men også alvorleg sak, som tar for seg fleire sider ved militære og krig.
Han er todelt, kor første del tar for seg rekruttperioden i ein amerikansk militærleir. Her skal unge menn bli gjort om til soldatar. Det går ikkje nødvendigvis bra med alle.
Deretter flyttar handlinga til Vietnam. Her får me også sjå fleire sider ved krigen. Frå det grufulle krigsscenene til meir sosiale sider, i mangel på betre ord.
Full Metal Jacket har mykje han vil si, og kunne sagt mykje meir. Det er ein av tinga eg likar her. Du vil også sjå meir. Men filmen har nokon deler han vil innom, og flyttinga mellom desse er gjort på rette stader. Det største og beste eksempelet er når me flyttar oss frå USA til Vietnam.
Stanley Kubrick er eit geni utan hemningar innanfor filmkunsten, og han viser både variasjon og kløkt i sitt val av filmar. Full Metal Jacket er eit av dei beste vala hans.
Rytmen i filmen er ikkje heilt perfekt og kan verke litt styltete til tider. Stanley Kubrick må trass i alt balansere på stylter og meistrar det usedvanleg godt. Full Metal Jacket er ikkje den aller beste filmen om krig, men heller ikkje langt unna. Sjå han i dag, det er ein klassikar som ventar på deg.