Fulltime Killer - Filmdagbok

Fulltime Killer 2001

Hongkong-action i Chuen jik sat sau, også kjent som Fulltime Killer, stod på programmet i dag, min andre Johnnie To film denne veka. Me går tilbake til 2001 og får ein film med Andy Lau, Takashi Sorimachi og Simon Yam i dei største rollene.

O (Takashi Sorimachi) er leigemordar nummer ein i og rundt Hongkong (den delen av Asia). Tok (Andy Lau) er misunneleg på denne posisjonen, og meiner at han sjølv er ein flinkare leigemordar. Ved å utføre drap på spektakulære vis, ofte som vist på film (her finn me referansar til både Leon og Point Break), trekk han merksemda til seg og klarer å skape seg eit namn. Oppi alt dette her skjer ei politietterforsking på desse, på tvers av landegrensene. Detektiv Lee (Simon Yam) prøver å jakte ned både Tok og O.

Chuen jik sat sau er litt rotete. Eg hadde problem med å henge med på alt til tider. Betre blir det ikkje når Chin (Kelly Lin) ein plass seier namnet til Tok på voice over, mens du ser på bilde at ho meiner O. Trass i forvirringa, actionbiten av filmen er ingenting å klage på. Heftige shoot outs dukkar regelmessig opp. Får du tak i historia der filmen ikkje rotar det til for seg sjølv, så blir det heile interessant oppi all adrenalina.

Oppsummert: God Hongkong-actionthriller med gode skodespelarar, stilige skytesekvensar, påtenkt eller uheldig forvirring, men solid underhaldning. Han når ikkje heilt opp til Exiled av Johnnie To, men får likevel meir enn godkjent.