To historiar, Bongo og Mickey and the Beanstalk, utgjer denne Disney-pakkefilmen. Disney laga fleire av slike pakkefilmar på 1940-talet, av finansielle hensyn dei var nøydd til å ta som følger av andre verdskrig. Det var slike pakkefilmar som var med å finansiere seinare langfilmar på som Cinderella og Peter Pan.
Innpakkinga av dei to kortfilmane i Fun & Fancy Free er den kjedelege delen som trekk ned for min del. Først i form av Jiminy Cricket som introduserer, deretter i form av Edgar Bergen som fortel.
Bongo er ei artist historie om ein sirkusbjørn som blir lei av sirkuslivet. Han rømmer og møter på utfodringar som bjørn i det ville. Det er både eit humoristisk og litt brutalt møte han opplever.
Mickey and the Beanstalk er ein vri av Jack and the Beanstalk. Mikke, Donald og Langbein svelt, og må selge ei ku. Mikke sel kua for nokre magiske bønner som veks opp til himmelen. Det er ein heilt grei animasjonsfilm, som ikkje er spesielt spennande, men som er fint innom alvorlet i situasjonen.