Hopp til hovedinnhold
Plakat for Fun in Acapulco (1963)

Fun in Acapulco

Film
3

Fun in Acapulco er ein fin film med Elvis Presley, og der handlinga går føre seg i Mexico. Elvis Presley spelte ikkje inn ei einaste scene i Mexico, men spelte i det minste mot Ursula Andress, og song den fengjande Bossa Nova Baby, og gjorde Fun in Acapulco akkurat passe moro.

Mike Windgren (Elvis Presley) er ein kar som mistar jobben sin på ein båt og blir fast i Mexico. Han får ny jobb som songar og badevakt. Og utover dette møter han to–tre damer som han sidan må velje mellom, og han har problem frå fortida han slit med.

Fun in Acapulco er ikkje stort meir enn ein på sitt beste middelmåtig *star vehicle-*film. På norsk blir dette noko i retning av ein stjernefremjande film, som her har mål å presentere og selje musikken og statusen til Elvis Presley. Dette er eit kjent mål blant fleirtalet av filmane til Elvis Presley, og er i utgangspunktet med på å senke forventningane. Noko som gjer at Fun in Acapulco leverer ein heilt grei musikalsk komedie samla sett, mens han oppdelt går fram og tilbake frå kjedeleg til underhaldande og morosam av både frivillige og ufrivillige årsaker.

Michael J. Carlisle på The Good, the Bad and the Critic (goodbadcritic.blogspot.com) meiner musikken og den lette feriestemninga gjer det lett å godta den tynne historia. Han ser også kor tydeleg Elvis Presley er sett inn framfor bakgrunnsbilda, men opplever likevel at miljøet fungerer. Eg får noko av den same enkle underhaldninga, utan at filmen festar seg. Det er greitt der og då, men ikkje nok til å gjere dette til ei anbefaling.

Bortsett frå ei handling sett til Mexico og fråværet til Elvis Presley frå Mexico, så er det ingenting som bit seg fast og kvalifiserer denne til ei anbefalingsliste, ei liste uavhengig av årsaka til underhaldningsverdien. Med andre ord så kan eg ikkje anbefale filmen.