Funny Face - Filmdagbok

Funny Face 1957

Funny Face, ein romantisk komedie og musikal frå 1957 om møte mellom intellekt og den glamorøse modellverda.

Audrey Hepburn spelar ei smart, men sky jente i ein bokhandel. Ein fotograf (Fred Astaire) på besøk oppdagar ho og vil gjere ho kjent.

Som musikal er synginga nøysamt brukt. Songnummera er godt plassert og glir inn i historia utan å bryte opp eller stoppe flyten. Med Fred Astaire er det på plass med eit dansenummer, men Audrey Hepburn stikk av med det villaste beste, som er ein bohemsk solodans i ein nattklubb.

Synginga og dansinga fungerer i Funny Face, det gjer også den fortalte historia om modellverda.