Funny Farm - Filmdagbok

Funny Farm 1988

Andy Farmer (Chevy Chase) gir opp journalistkarrieren og flyttar på landet med kona si i Funny Farm. Farmer har fått kontrakt til å skrive bok, og med heimekontor kan han og kona få huset med hage dei har drøymt om.

Men ting byrjar å gale frå første dag, då flyttebilen ikkje dukkar opp tidsnok. Livet på landet blir ikkje så enkelt og idyllisk for herr og fru Farmer som dei hadde håpa på.

For meg er Chevy Chase den artige fyren som spelar komisk på ein avslappa måte. Han prøver aldri for hardt, men let ikkje sjansen til å vere morosam gå frå seg. Han kan spele seriøse roller i komediar, og vere morosam som karakteren utanfor sitt rette element. Han har mange roller å spele på, men det er nok som den seriøse med glimtet i auge eg vil forbinde han med.

I Funny Farm prøver Andy Farmer å holde maska, men mange små problem og hindringar blir for mykje for han. Filmen viser korta sine frå starten av, det er opplagt at flyttinga til den idylliske eigedommen på landet vil by på trøbbel.

For meg blir filmen meir om reaksjonane undervegs enn gangen i handlinga, sjølv om filmen har ei grei oppbygging. Det går derimot litt tid før filmen tar meg frå humring til latter. Undervegs handlar det mykje om at ting er forstått som morosamt, mens det nærare slutten går opp for meg at filmen også har lagt eit godt grunnlag som gjer avsluttinga til ei minneverdig oppleving.

Funny Farm er ikkje en Chevy Chase-komedie eg vil anbefale til alle, men meir for folk som er spesielt glad i stilen og humoren hans. Det er ein relativt uskyldig film, men som med innslag av stygge ord, alkohol og fysiske skader blir vaksen og alvorleg nok til å støtte opp om mykje uskyldig humor.