
Furiosa: A Mad Max Saga
Furiosa: A Mad Max Saga handlar om den unge Furiosa, som var ein karakter i Mad Max: Fury Road. Ho blir rive vekk frå heimstaden sin, eit frodig område det som elles er ei ørkenverd. Og det av ein motorsykkelgjeng leia av Dementus, ein fargeklatt av ein leiar slik det ofte er i Mad Max-universet, ustabil og teatralsk.
Livet for Furiosa handlar om å finne vegen heim igjen. Det er ein fin motivasjon og eit godt bakteppe for ein film som elles har mest av action, spektakulære scener og ville biljaktar.
Me møter Furiosa (Anya Taylor-Joy). Det er lite å utseje på rolla hennar, men heller ikkje så mykje eg vil framheve. Filmen legg sånn passe mykje vekt på karakterutvikling. Som gjer at han blir meir enn ei eindimensjonal sak. Spesialeffektar og praktiske stunt på høgt nivå er både forventa og levert.
Filmen er ei grei utviding av Mad Max-universet, men ikkje noko eg eigentleg hadde behov for. Eg skulle nok heller likt at dette var både lausrive og ei original forteljing av George Miller.
Behovet for ei slik forhistorie blir òg utfordra av The Mongoose (hugomongoose.wordpress.com). Omtalen meiner filmen brukar for mykje tid på å forklare småting frå Mad Max: Fury Road som ikkje trong forklaring. Samstundes får biljaktane mykje ros. Det ligg nær mi eiga vurdering. George Miller leverer spektakulære scener, men koplingane til ein film eg alt kjenner, er ikkje nødvendigvis det som gjer denne interessant.
