Furious 7 - Filmdagbok

Furious 7 2015

Som ein film i The Fast and the Furious-serien er det ingenting uventa eg får når eg ser Furious Seven. Det er drygare enn drygast action, bilkøyring, og ei tynn stripe med familie og drama.

Det er mykje overflate og lite substans. Og det er heilt greitt. Furious Seven leverer nok av vanvittige og urealistiske, oppfinnsame stunt til å bli verdt tida. I ein og ein halv time. Då kom eg til metningspunktet der resten av filmen, uansett kva som skjedde, eigentleg var totalt uinteressant.

Furious Seven er kanskje hakket svakare enn sin forgjengar, Furious 6, som også hadde lengda som sitt største problem.

Det som er greia med ein film som dette er at det er ein heilt kurant film mens eg ser han. Men like etter har eg gløymt kva han handlar om, og det merkar eg mens eg skriv dette. Mens rulleteksten endå går. Eg hugsar vagt at det var ein fyr som ville drepe vårt faste The Fast and the Furious-ensemble, og nokon greier med ei databrikke.

Du ser denne om du veit kva du går til.