
Futurama: Bender's Big Score
Ja, eg har sett den nye Futurama-filmen. Nei, eg skal ikkje røpe historia eller kritisere. Ja, The Simpsons Movie blir som hermetikk i forhold til ferskvare med den forsegla glasskuppelen sin. Ja, eg skal gi meg med å svare på spørsmål eg aldri har stilt her.
I år 2003 bestemte ei gruppe inkompetente menneske med makt at Futurama hadde sagt sine siste visdomsord på Fox. I år 2007 har Comedy Central endeleg fått serien tilbake, først rett på video og over nyttår dei same historiene oppdelt i episodar for tv. Denne store sigeren kan umogleg bli oversett, så opningsvis blir me fortalt dette på ein måte berre Futurama kan.
Futurama: Bender's Big Score innfrir alle forventningane. Han klarer det The Simpsons Movie ikkje klarte i overgangen frå kort episode til lengre film, nemleg å tilpasse seg formatet. På 90 minuttar kunne det lett ha blitt for mykje, eller historia kunne ha blitt langdryg. I ettertid er eg glad for å kunne seie at filmen stod med glans. Alt serien bydde på tidlegare av sprø humor og science fiction-referansar er til stades, saman med ei god historie og sidehistorier som fint klarer å strekke seg over halvannen time. Tempoet er viktig, og det er som å sjå ein vanleg episode, akkurat passe lang og alltid like morosam, like useriøs.
Overgangen til langfilm fungerer også godt for skribenten på Cine en el sofá (cineenelsofa.blogspot.com). Der blir dei samanvovne historiene og den gode rytmen rosa, sjølv om eit enkelt innslag bryt litt med flyten. Det er mykje av det same eg finn glede i. Filmen får plass til fleire spor utan å miste kjensla av ein vanleg episode, og gir dermed meir tid med figurane utan at den ekstra lengda blir eit problem.
Etter overgangen til Comedy Central har Futurama fått ekstra krydder og blitt hakket kvassare. Kanalen er særleg kjend for South Park, som berre blir grovare og grovare. Resten er likevel som før. Futurama er og blir Futurama. Forvent ein del overraskingar, mange kjente ansikt, president Nixon og robotmafia. Meir vil eg ikkje røpe, då mykje av gleda for min del låg i at eg visste ingenting om filmen på førehand, så må jo du få den same sjansen. Men du må jo ha likt serien.
