
Futurama: Bender's Game
I det som blir opplevd meir som samansette episodar enn ein fullstendig film, blir Leela, Fry, Bender og resten av gjengen i leveringsbyrået Planet Express sittande fast i ei fantasiverd.
Innhaldet og oppbygginga i denne filmen hentar stor inspirasjon frå kjente middelalderske historier eller fantasihistorier frå spel og fiksjon. Det gir eit preg av referansehumor på ein negativ måte, og framstår som idelaust.
Fordi dette er Futurama og har sin eigen komiske stil, så hentar filmen seg inn igjen på nokre punkt, og blir ikkje dårleg. Det er dessverre meir eit eksempel på å kome seg unna bak namnet til ei kjent merkevare enn å bidra med noko nytt.
Den sprikande handlinga får endå hardare medfart på Tipping the Scales (tippingthescales.wordpress.com). Omtalen meiner dei mange trådane knapt heng saman, og at fantasiverda verkar meir som eit innfall frå ein tilhengar enn ein naturleg del av serien. Eg finn framleis nokre glimt av den gamle komikken, men kjenner att problemet. Å kjenne referansane gir ikkje i seg sjølv den overraskinga eller samanhengen eg ønsker frå Futurama.
