Futurama: Into the Wild Green Yonder - Filmdagbok

Futurama: Into the Wild Green Yonder 2009

Fire filmar markerte tilbakekomsten til science fiction- og komediefenomenet Futurama. Futurama: Into the Wild Green Yonder er den siste av desse.

Historia handlar om ein trussel mot universet. Alle styrer med sitt, Bender er forelska, Leela er på flukt, og Fry står igjen som håpet til universet. Dette blir risikabelt.

Dei fire filmane har variert. Denne her er grei, men han har ikkje den interessante eller spissfindige vrien som ein gong gjorde meg glad i Futurama. Kan hende det er alderen, eller repetisjonen. Det betyr ikkje at dette er dårleg, men det er ikkje veldig bra heller.

Min favoritt og filmen eg både vil vise til og anbefale blant dei fire er Futurama: Bender's Big Score, som klarar å leve opp til forventingane.