Spenstige dataeffektar skadar ikkje, men det er klart at resultatet vert skuffande når det er det einaste G.I. Joe har å by på ved sida av framferda til Sienna Miller.
Det er som om ramma for ein heilt kurant actionfilm er på plass, men han er fylt med dei vondaste klisjeane frå 1990-talet og aldri tek dei små originale vendingane som gjer at du kan tru at du ser på noko nytt.
I ein duell ville Transformers ha stått fram som ein klassikar. Så er ikkje føremålet med G.I. Joe å vera meisterleg, men filmen er heller ikkje underhaldande.