- Filmdagbok

Game Change

Game Change er ei filmatisering av den republikanske sida av valkampen før presidentvalet i 2008. Det er eit forsøk på å vise kva som skjedde då Sarah Palin blei valt som visepresidentkandidat for John McCain.

Det er ingenting i vegen med Game Change. Sanningsgraden er irrelevant. Poenget er at det skjedde at ein inkompetent visepresidentkandidat blei valt.

Filmen gjer det rette i å vinkle historia frå fleire sider innan kampanjetroppen, og tar med oppturane så vel som nedturane. Uavhengig av om alt er sant framstår filmen som legitim av den grunn, og det er positivt for både poenget og filmopplevinga.