
Game Night
To unge vaksne i rett alder til å få barn, hamnar opp i all slags alvor og bråk då ein spelekveld går av hengslene. I tilknyting til at broren til mannen kjem på besøk, vil broren arrangere ein spelekveld med paret og deira venner. For å gjere kvelden minneverdig, hyrer han inn eit firma som skal sette i stand ei realistisk kidnapping, som deltakarane skal løyse.
For å ikkje avsløre meir av filmen, får det bli med ein smakebit på handlinga. Game Night overraska positivt, og er ikkje langt unna ei anbefaling frå meg. Blandinga av action, komedie, krim og mysterium er blanda saman på ein god måte, og resultatet er underhaldande. Filmen flyt i godt tempo og lid verken av dødpunkt eller altfor dryge toppar, sjølv om det er ein dryg film.
T.S. på The Film Blog (thefilm.blog) meiner regien gir denne nokså velkjende komedien eit uventa særpreg. Omtalen rosar mellom anna bilete som får handlinga til å sjå ut som eit brettspel, og ei oppfinnsam jaktscene. Eg blei òg meir underhalden enn den generiske innpakninga lova. God flyt og godt samspel gjer at blandinga av mysterium og komedie held seg levande.
Grunnen til at eg blei overraska over at dette var bra, er det fleire av. Eg forbind nok filmen, urettferdig og utan grunn, med den uimponerande Date Night. I sitt uttrykk, gjennom filmplakat og handlingsreferat, verkar det som ein generisk og typisk film.
For å avslutte på ein positiv måte, vil eg trekke fram Jason Bateman og Rachel McAdams som eit godt radarpar. Jason Batema er stabilt god i det meste han spelar i, òg dårlege filmar. Og Rachel McAdams er ein skodespelar av høgt kaliber som spelar godt i lag med Jason Batema. Dei leverer så godt som det må til i Game Night.
