Hopp til hovedinnhold
Plakat for Garbage Warrior (2007)

Garbage Warrior

Film
4

Garbage Warrior er historia om Michael Reynolds, ein arkitekt som har via livet sitt til å konstruere hus av blant anna søppel og jord. Hus som er sjølvforsynt med vatn og straum.

Dokumentaren tar mest side med den fargerike karakteren Michael Reynolds når han møter motstand i systemet. Ein eksentrisk, men samla person trass i veldig alternative idear.

Introduksjonen til filmen var prega av svada og faktafeil, men han opna seg verkeleg opp etter kvart, og gjekk forbi å bli ei einspora trøytte. Sett forbi det moderne dokumentarfilmspråket har Garbage Warriors mykje godt å fortelje, og han klarer å fylle lengda.

Arbeidet bak dei uvanlege husa får mykje av æra hjå Jeff Robson på Eye for Film (eyeforfilm.co.uk). Han meiner innsatsen til Michael Reynolds og dei andre gjer dei til noko meir enn stereotype alternative idealistar. Det passar godt med at filmen opnar seg for meg undervegs. Når me får følge kva dei faktisk gjer, blir det lettare å engasjere seg i personen og kampen enn i dei store påstandane i starten.