Gategutter - Filmdagbok

Gategutter 1949

Gategutter er ein norsk film frå 1949 om livet til unge gutar på austkanten av Oslo i 1924. Det handlar om vennskapen mellom Karsten og Sofus. Dei drøymer om ei betre framtid, då samtida er prega av dårlege kår.

Filmen var skodespelardebuten til ein ung Pål Bang-Hansen, som gjekk vidare til å bli ein kjent norsk filmkritikar.

Filmen er også debuten til ein annan kjent nordmann. Det er Arne Skouen sin regidebut, ein av dei verkeleg store filmregissørane i Noreg.

Gategutter er blant dei betre, eldre norske filmane. Han har godt skodespel og ei god historie. Han fortel om vennskap på ein god måte, og held seg godt over eit halvt hundreår seinare.