
Gattaca
I ei ikkje så altfor fjern framtid er designa barn blitt vanleg. Arvelege sjukdommar kan veljast vekk før fødsel og forventa levealder blir kalkulert ved fødsel. Lova forbyr det, men betre jobbar tar i bruk helsesjekkar ved tilsetting og diskriminering er eit kjent fenomen.
På den andre sida har du Gudsbarn, fødd på naturleg vis utan innblanding av førfødselsteknologien. Ethan Hawke spelar ein av denne rasen som aldri kan få drøymejobben på grunn av ein førehandskalkulert hjartestopp i ung alder.
I Gattaca er det redselen for at dei små tinga skal bli avslørt som utgjer thrilleren. Her skal alt vere perfekt. Filmen framstår likevel ikkje som kald og steril. Vektlagt er den enkle historia om Vincent/Jerome.
Det menneskelege i denne framtida blir òg trekt fram av Joshua Raynor på Merc with a Movie Blog (mercwithamovieblog.com). Han rosar særleg samspelet mellom Ethan Hawke og Jude Law og meiner historia har stor kjenslemessig kraft. Det utfyller inntrykket mitt av ein film som ikkje blir steril sjølv om omgjevnadene krev perfeksjon. Det er mennesket som prøver å finne ein plass der, som held spenninga levande.
Temaet er tukling med naturen. Sjølv om Gattaca er kritisk som det held viser han òg til moglegheitene, og er ingen dommedagsprofeti på nokon måte.
