Ei kvinne dumpar si ungdommelege dotter hjå bestemora, etter å ha fått nok av den umoglege oppførselen til dottera gjennom fleire år. Ein sommar hjå den strenge bestemora ho sjølv ikkje likte, er hennar siste håp i å få orden på dottera.
Lindsay Lohan og Jane Fonda går i tottane på kvarandre, men utviklar etter kvart eit betre vennskap som er sunt for dei begge. Georgia Rule handlar både om gjensidig respekt, å bli vaksen og å vere open for viktige endringar i livet.
Eg likar godt det lette og utspekulerte spelet som skjer rundt karakteren til Lindsay Lohan. Dette har både humor og viser at det er noko meir som blir dekka over. Georgia Rule behandlar derimot ikkje dei meir seriøse temaa like godt. Eg var open for at filmen prøvde på sin eigen måte å fortelja ei historie, men enda opp med å konkludere at filmen tar for lett på det seriøse eller går for lang i å skape forvirring til at det har ein god effekt.
Resultatet er altså eit enkelt og greit drama med komiske innslag, som feilar på det aller mest seriøse, men fungerer elles.