Hopp til hovedinnhold
Plakat for Get a Job (2016)

Get a Job

Film
3

Get a Job handlar om nokon unge menneske som søker jobb, eller deira forhold til jobb. Og faren til den eine, som mistar sin jobb i godt vaksen alder.

Det eg likar med filmen er nettopp korleis han tar for seg eit seriøst tema, og får fram verdien av å ha ein jobb, og helst ein interessant jobb. Filmen opnar med å kritisere putene som er sydd under armane på generasjonen som hovudpersonen høyrer til. Dei har fått mykje, og måtte jobbe for mindre. Dette poenget fell litt bort, men blir tatt opp igjen i ei god scene seinare i filmen, kor ein av personane i filmen gjer eit opprør mot påskjøning av taparar.

Det som trekk ned er korleis personane handlar undervegs. Den overordna tanken og forståinga som kjem om å ha ein jobb, heng ikkje saman med dei mange destruktive metodane og øydeleggande verdisynet som blir formidla. Filmen manglar ein samanhengande logikk, som hindrar han i å bli truverdig, og dermed i å bli viktig.

Det er lettare å kjenne seg att i problema enn i måten dei blir løyste på. Chris Cummings på The Cinephiliacs (thecinephiliacs.wordpress.com) meiner filmen tek opp gjenkjennelege tema, men lèt karakterane handle så lite truverdig at det blir vanskeleg å engasjere seg. Han finn likevel både latter og gode prestasjonar. Det er mykje av den same todelinga eg sit med, der komedien fungerer betre enn logikken som skal halde poenga saman.

Komedien er god. Det er mange av forsøka på å vere morosam som er ulogiske og destruktive, men det er også mange lyspunkt av komedie. Bare ikkje mange nok til å heve Get a Job til eit minneverdig nivå.

Dette er ein film som lett kan sjåast om du vil ha ein uforpliktande komedie, med eit hint av fornuftigare poeng.