Get Hard - Filmdagbok

Get Hard 2015

Will Ferrell og Kevin Hart går i lag i Get Hard, ein komedie som spelar på å gjere narr av stereotypar og vårt forhold til stereotypar. Men som også baserer sin komedie på dei same stereotypane.

Will Ferrell er ein fyr med suksess, som blir skulda for feilaktig tukling med finansar. Ei rettssak gir han ti år i høgsikkerheitsfengsel, og han treng opplæring i fengselslivet.

Kevin Hart er ein fyr med eit bilvaskefirma og reint rulleblad. Han gir seg ut for å vere eksfange, og blir læraren som skal gjere Will Ferrell tøff. Til den nette sum av $ 30 000, som han treng for å sende dottera på ein god skule.

Get Hard endar opp med å bli ein typisk midt på treet komedie, med enkelte innslag av artige vitsar og poeng, men også mykje materiale som kjennest oppbrukt. Ein stor del av opplevinga kviler på skuldrene til mitt forhold til Will Ferrell, og til dels Kevin Hart, som komikarar. Så det fungerer heilt greitt for min del.

Grensa for innsats eg gjer for å sjå ein middels komedie som denne går på kostnad. Som del av ei strøymeteneste er filmen heilt innanfor med tanke på kostnaden eg har brukt.