Eg følger opp Kôkaku Kidôtai som eg såg i går, med oppfølgjaren som heiter Inosensu: Innocence. Eller Ghost in the Shell 2: Innocence på engelsk.
Den første umiddelbare forskjellen frå første film er animasjonen. Det er langt meir av tredimensjonal animasjon, men filmen har framleis beheldt sjarmen. Dei meir avanserte animasjonane blir brukt både i action- og kunstscener.
Ein annan forskjell med første film er at dei har tatt seg lengre tid til visse ting. Som å ha eit par ekstra sterke musikkrike scener, og generelt fått meir stemning inn i filmen. Blant anna er det er ein fryd å sjå når Batô og Togusa køyrer gjennom neonlysfylte nabolag med jazz i bakgrunnen.
Historia held fram på ein måte der første film slutta, men i staden for å følge Major Motoko Kusanagi, er det Batô som blir hovudpersonen vår denne gang. Så dette blir ikkje direkte ei fortsetjing på førre film, men meir ein oppfølgjar.
Det er tre år sidan hendingane med The Puppet Master, og Batô blir involvert i ei etterforsking som ikkje har noko med The Puppet Master å gjere, men av ein cyborg-korporasjon kalla Locus Solus. Locus Solus lagar gynoidar, ulovlege sexdokker. Med seg har Batô Togusa, og saman finn dei på mykje sprell, mildt sagt.