
Gilda
Gilda frå 1946 er ein film noir regissert av Charles Vidor. Det er mykje prat her. Om du ikkje heng med frå starten, er du fort tapt. Men er du med er dette eit godt drama.
Johnny Farrell kjem til Buenos Aires. Han blir teken under vengene til kasinoeigararen Ballin Mundson. Vennskapen blir satt på prøve då Mundson kjem heim frå ei reise med ei ny kone. Gilda, som det verkar som Johnny kjenner frå tidlegare. Dermed er eit trekantdrama sett opp.
Spenninga er godt bygd opp. Når Johnny ser at Gilda er Mundson si kone, er det uklart kva han eigentleg tenker. Filmen seier ikkje alt rett ut.
Dialogen er det som driv det heile framover. Han er kvikk, og karakterane snakkar ikkje forbi kvarandre. Rita Hayworth spelar ei samansett rolle. Ho er både forførar og offer. Ho er overbevisande i begge delar. Glenn Ford som Johnny er litt kaldare. Det fungerer i kontrast mot Rita Hayworth.
Eit interessant poeng hjå Film Noir Board (filmnoirboard.blogspot.com) er kor mykje av filmen som handlar om falske framstillingar. Eric Somer hjå Film Nori Board peikar på at både personane og miljøet stadig viser seg å vere noko anna enn det dei først gir inntrykk av. Særleg Gilda er vanskeleg å få tak på. Ho spelar ei rolle overfor mennene rundt seg, men det er ikkje alltid klart kva som ligg bak. Det gir trekantdramaet ein ekstra dimensjon.
Filmen har nokre kriminelle trådar å trekke i òg. Det gir filmen eit ekstra lag utover kjærleikshistoria. Det er ikkje det viktigaste han byr på, men det gjer at handlinga ikkje berre handlar om romantikk og drama.
Gilda krev litt av sjåaren. Men han gir mykje attende om du er villig til å lytte.
